Handverksløftet - fagdagar for kunst- og handverkslærarar frå kulturskule og grunnskule

ved Kviteseid kulturskule i samarbeid med USN - Institutt for tradisjonskunst og tradisjonsmusikk

Kven:    Med prosjektmidlar frå Håndverksløftet i kulturskolen, har Kviteseid kulturskule inngått eit samarbeid med USN – Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk.

Prosjektet er godt i gang med å etablere eit partnerskap som skal utvikle kompetansehevande tilbod innan tradisjonshandverk tilpassa kulturskulen sitt behov. Med i prosjektgruppa er også  Skien kulturskule, Osterøy kulturskule og Ringerike kulturskule.

 

Kva:       Praktiske kurs i ulike handverksteknikkar med mål om at deltakarane skal få inspirasjon og tryggleik til å ta tradisjonshandverk inn i si undervising. Med vekt på innhald som passar frå 5. klasse og eldre. (skildring av kurs som må prioriterast ved påmelding) (Om kursa raskt blir fulle, kan vi utvide med eit kurs til)

 

USN – Institutt for tradisjonskunst tilbyr forskningsbasert kompetanse innenfor tradisjonshåndverk og blant annet materialområdene: tre, metall, tekstil og didaktisk praksis inn mot barn og unge.

 

Overnatting:     Rauland Vandrerhjem Akademiet  https://visitrauland.com/raulandsakademiet/

Deltakarane bestiller og dekkjer overnatting sjølv.

 Viktig: Det er reservert 30 rom med moglegheit for ankomst 12. mai  på Raulandsakademiet. Ved bestilling opplyser du om at du skal delta på handverksfagdagar og overtek reservasjonen.

Om romma ikkje er bestilt innan 27. april, fell førehandsreservasjonen bort. 

 

Deltakaravgift: Ingen deltakaravgift. Mat er inkludert begge dagane.

 

Program finner du HER

 

Påmeldingsfrist: 27. april 2025

Sted: Raulandsakademiet/USN - Akademiet 2, 3864 Rauland
Tid: 13. og 14. mai
Kontaktperson: Eli Taugbøl, E-post: eli.taugbol@kviteseid.kommune.no tlf: 996 47 076

Antall ledige plasser: 27 av 30
Pris: Gratis!
Handlekurv

Handlekurven er tom...